Det er Stiftinga Krisesenteret i Sogn og Fjordane som administrerer Facebook-sida. Dei fortel at Yasmin er svært takksam for gåvene ho har fått, mellom anna ei symaskin og blomar.
Brennpunkt-dokumentaren «Fortell og forsvinn», som vart sendt sist veke, handla om historia til Yasmin, som var sexslave i 15 år.
På Facebook-sida er det også ei underskriftskampanje for at Yasmin skal få bli verande i Norge. Yasmin følgjer elles med på Facebook-sida, saman med dei som jobbar på Krisesenteret:
«Hun har lært å lese litt, men mye trenger hun hjelp til å forstå. Yasmin var veldig redd for å fortelle sin historie på TV fordi hun var redd for at hun skulle bli gjenkjent og fordømt og utstøtt. Personalet har forsikret henne om at slik er det ikke i Norge og at hun skal være stolt av seg selv som har klart å fortelle sin historie til det norske folk.»
– Dette viser kor viktig det er med dokumentarar som «Fortell og forsvinn» frå Brennpunkt. Det er oppmuntrande å lese at eit program kan føre til godheit i praktisk handling, seier Linda Askeland, fungerande leiar i Familie & Medier.