– Dette er ein episode til etterfølgjing, der tru og religiøse aktivitetar er ein naturleg del i formidlinga, og ikkje berre isolert i eit livssynsprogram. For å forstå samfunnet, må vi også forstå menneske si tru, som ikkje berre er ei privatsak. Trua pregar handlingane og haldningane våre, og formar heile vår forståing av livet. Når NRK på denne måten integrerer dei religiøse aktivitetane og trua til barn på ein naturleg måte, speilar dei også den kristne arva i Norge, noko dei er forplikta til i retningslinjene deira. Og det gir ei større forståing av kven våre medemenneske er, utdjupar Haugland.
Programmet «Klart eg kan» følgjer barn i ulike situasjonar, men felles er at dei står ovanfor ei oppgåve dei ynskjer å meistre. I episode 8 fylgjer vi Tiril, som er storesyster til Mathea. Når Mathea skal døypast får Tiril fleire oppgåver som ho er spent på om ho vil klare. Episodane er tilgjengeleg på nett-tv.
I andre episoder er vi med Johan som dansar på skøyter, Linn som drøymer om å synge foran mange menneske og Kristin som hjelper bestefaren med å ta imot nye lam.