Avstemningen er i gang, og spenningen stiger om hvem som vil vinne «Medierosen 2024».
Stem nå

Filmregissøren som ber

av | 25. des, 2017 | Nyheter

Filmregissøren som ber

av des 25, 2017

– Vi må gjere den beste boka i heile verda kjent, seier regissør og manusforfatter Ingrid Ese Folkestad. Ho meiner samtidig at kristne bør lære om andre syn på livet.

– Det var jammen på tide! No har eg bedt for deg i 30 år, svarte eldste systera til Ingrid Ese Folkestad (54) då ho fortalte at ho hadde blitt kristen. No brukar Ingrid og systera mykje tid på å be saman.

Den viktige nabodama

– Viss eg kan bli kristen, så opprørsk som eg var, så kan alle bli det, seier Ingrid. Ho sit i ein olivengrøn stol på kontoret til Filmmakeriet, med levande lys på bordet og serverer heimelaga ingefær-te og jordbær.

Det er vanskeleg å tru at den rolige dama med sølvkors, blå bluse, sjal og kvite bukser og sko har vore ein rebell. Kontoret som ho og mannen deler ligg i eit ærverdig bygg midt i Lillehammer sentrum. I trappeoppgangen er det mørkeraudt golvteppe og på veggane heng det filmplakatar. Lokalet oser av gode historier og kreativitet.

Som dotter av rektoren på ungdomsskulen i Balestrand var det derimot ikkje alltid like stort rom for kreativitet. Ho vart oppdratt til å vere lydig og gjere det som var riktig.

– Foreldra mine gjekk til kyrkje i høgtidene, men eg vaks ikkje opp i ein kristen heim. Nabodama vår var kristen og det var heilt spesielt for meg å vere der, det var den beste plassen eg visste om. Eg var der mykje og ho spelte piano saman med meg. Ho såg meg, fortel Ingrid og smiler.

På gymnaset hadde ho litt kontakt med kristne, ho song i eit kor og kjente ei dragning mot Jesus. Likevel takka ho nei til alle invitasjonane om å bli med på møte.

– Det er nesten sårt no, med tanke på slik livet blei vidare, seier ho.

Foreldra såg kanskje helst at ho utdanna seg som sjukepleiar, men Ingrid flytta i staden til Bergen for å studere musikk. Der kunne ho gjere som ho ville.

Brev om frelse

Eldstesystera til Ingrid vart kristen då ho var 18 år, men heldt det hemmeleg for familien.

– Etter nokre år forstod eg likevel at ho var blitt kristen for ho sende meg mange brev mens eg var student i Bergen, fortel Ingrid.

Det stod mykje om frelse i dei lange breva. Til slutt fekk Ingrid nok og opna dei ikkje lenger. Ho fekk også nok av arbeidet som nyutdanna musikkpedagog. Jantelova frå bygda sat i, og det same gjorde ein negativ kommentar om stemma hennar.

– Eg har aldri likt å stille meg fram foran folk, forklarar ho.

Det førte til at Ingrid flytta til Lillehammer for å studere filmregi. Kvar dag på veg til høgskulen gjekk ho forbi Baptistkyrkja. Utanfor var det eit bilete av menneske i kjortlar, og ho undra seg gong etter gong på kva slags sekt det kunne vere som heldt til der.

Ingrid Ese Folkestad møtte Jesus etter 45 år. Nå ønsker hun å jobbe med verdibasert filmskaping. 

Nedturen som vart ein opptur

Etter endt utdanning fekk ho jobb som produsent på Høgskulen i Lillehammer. Der vart ho verande i 15 år og jobba mest med å produsere filmar på oppdrag frå helsevesenet. I løpet av desse åra kom det to barn. Mens ho var gravid med det andre barnet vart det oppdaga at den eldste sonen hadde leukemi. I all hast vart guten, faren og Ingrid kjørt til Ullevål i ambulanse.

Guten var døden nær fleire gonger og dei var forberedt på å miste han. Likevel gjekk det bra. Men påkjenningane reiv i stykker familien.

– Eg sat på kne og ba, sjølv om eg ikkje kalla meg kristen, om at det måtte gå bra med familien vår, men det gjorde det ikkje. Det var så mykje som vart stjelt frå oss, fortel ho stille.

Etter nokre år møtte ho André Folkestad og gifta seg med han. Til saman har dei fem barn frå tidlegare forhold.

– Det var godt å finne ein å dele livet med, men det er mange utfordringar med ein slik konstellasjon. Eg skulle så gjerne ønske at mine erfaringar kunne vere til hjelp for å oppmuntre ektepar til å halde saman, seier ho.

{

«Vi må heie på kvarandre
og la andre få skinne som sola!»

Høgskulen måtte etterkvart nedbemanne, men ho mista ikkje jobben. Det innebar at Ingrid fekk ein mykje meir krevande arbeidskvardag, som leder for filmavdelinga til Senter for livslang læring. Til slutt kollapsa ho mens ho stod ved arbeidspulten.

Ho var utbrent, deprimert og i livskrise. Identiteten hennar, som var bygd opp rundt det å lage gode filmar, raste saman.

– Det kjentest ut som eg ikkje kunne noko som helst, forklarar Ingrid.

Minna om nabodama

Ho ringte den kristne systera og spurte om hjelp. Frå systera fekk ho streng beskjed om å ringe eit nummer, utan meir informasjon om kven det var.

Post-it-lappen med nummeret låg i hylla i eit halv år før Ingrid ringte. I andre enden møtte ho den kvitrande stemma til ei blid dame som ho ikkje klarte å sei nei til. Stemma minna henne om nabodama frå Balestrand og alt det gode ho fekk med seg der. Ingrid fekk ei adresse for å kome til møte på søndagen og møtte opp tidlig.

– Då eg kom fram såg eg at det var sekt-kyrkja eg tidlegare hadde passert på veg til høgskulen, seier Ingrid og ler mens ho fortel vidare: Eg fekk sjokk og tenkte at eg ikkje kunne gå inn. Likevel opna eg den store døra og sangen «Som når et barn kommer hjem om kvelden» slo i mot meg. Eg vart frelst der og då, eg satte meg ned på ein benk mens tårene rann. Folk vart igjen etter møtet og prata med meg, eg var der i nesten fem timar.

Ny start etter 45 år

Ingrid bestilte ein svart studiebibel på nettet, for det hadde systera sagt at ho måtte gjere. No hentar ho fram Bibelen som er full av notatar i margen og understrekingar med tusj.

– Dagane fram til Bibelen kom i posten gjekk veldig sakte. Då eg fekk den las eg frå 1.Mosebok, frå A til Å. For meg hang alt saman, det var som ei lang historie, som ein dokumentar.

Ikkje lenge etter omvendinga fekk Ingrid tungetale. Ho ante ikkje kva det var og ringte systera. Mannen fortel at livet vart snudd på hovudet då Ingrid vart kristen og at trua var altoppslukande, men understrekar at det var med eit positivt forteikn.

Ingrid stod opp mellom fem og seks kvar morgen og ba. Elles i løpet av dagen brukte ho badstova som bønnerom.

– I ettertid kan eg forstå at det vart voldsomt for menneska rundt meg, eg ville at alle skulle bli frelst med ein gong, seier Ingrid og legg til at ho har lært mykje etter at ho vart kristen for ni år sidan.

– Ho har eit stort hjerte

I dag studerer ho verdi- og relasjonsbasert leiing ved Høgskolen for Teologi og Ledelse og skryt mykje av rektoren og lærarane der.

Mannen fortel at Ingrid som person er engasjert og entusiastisk.

– Ho har eit stort hjerte og er velmeinande. Men ho kan av og til ta pusten frå meg. Vi har kjøpt eit gamalt hus som vi pussar opp. Ingrid bestemte seg for at kjøkkenet skulle vere grønt, og plutseleg kom eg heim til grønt kjøkken. Eg spurte om det var meininga at døra til spiskammerset også skulle vere grøn, men det var det visst ikkje, seier André og ler.

Ingrid forklarar hendinga med at ho var så ivrig og opptatt med å male at ho ikkje la merke til at ho også malte døra.

 

{

«Vi må ha ambisjonar på vegne av Gud!»

– Eg har dårleg tid!

Engasjementet og den kreative bakgrunnen hennar kjem til nytte i arbeidet med å lage filmar. Saman med mannen starta ho Filmmakeriet for åtte år sidan. I løpet av åra har dei laga mange filmar, mellom anna novellefilmen For Linnea som handlar om rusbruk i familiar.

– For Linnea rører ved menneske og kan vere til oppmuntring og hjelp. Denne filmen skal også verte brukt i USA. Vi har klart oss med å lage filmar i åtte år, men det blir stadig vanskelegare å få til. I Filmmakeriet vil vi gjerne drive med verdibasert filmskaping. Sjølv ber eg mykje om gode program i media. Eg treng ikkje å lage desse sjølve, men for unge som veks opp i dag er det så viktig med godt innhald, seier ho.

– Må ha ambisjonar

Ingrid brenn også for samarbeid mellom kristne, både når det gjeld kristne mediefolk og fellesarrangement.

– Det er mange ulike kyrkjer som ikkje går på besøk til andre ein gong. Det er først når folk kjem saman at andre folk kjem til tru. Vi må heie på kvarandre og la andre få skine som sola!

Ho synes også kristne bør vere audmjuke i møte med mediefolk:

– Dei sekulære profetane i vår tid er mediefolk som lagar gode filmar og får fram bodskapen. Kom ikkje her og fortel meg at vi ikkje har mykje å lære av dei som ikkje er kristne. Kvifor lykkast dei så godt med det dei gjer? Vi må hente gullet derifrå og gjere det like godt med å gjere den beste boka i heile verda kjent. Vi må ha ambisjonar på vegne av Gud!

Ingrid er sjølve innom ulike miljø, ho har vore aktiv i Bykirka Lillehammer samtidig som ho har halde kontakta med både tidlegare kollegaer og vener frå studietida.

– Eg har opplevd lite fordømming blant venninner og kollegaer. Men det har vore nokre vanskelege diskusjonar. Etter kvart eg blitt tydelegare med min ståstad for å ikkje bli mistenkt for å ha ein skjult agenda med det eg seier.

Ser framover og oppover

Ingrid er elles tydeleg på at livet ikkje berre har vore enkelt etter at ho vart kristen.

– Det er ikkje «hokus pokus» og så blir alt bra, sjølv om ein har ei djup glede. Eg har hatt så mykje med meg som det har vore ein hard veg å gå for å verte fridd ut av.

Noko av det som har vore til god hjelp for ho i møte med andre menneske er å lære meir om andre livssyn. Det har også gjort ho tryggare på si eiga tru.

– Kristne må lære om ulike livssyn for å relatere til andre, dei må kunne samanlikne og snakke om desse. Å seie at «grava er tom» kan fort bli tomme ord, ein må forklare meir kva det tyder og sette det i samanheng, seier ho.

Eit av versa som Ingrid fekk med det same ho vart kristen er: «Søk først Guds rike, så skal de få alt det andre i tillegg.» Lengselen etter dette kjem tydeleg fram i songane som ho har spelt inn og gitt ut i år.

– Eg fekk nokre dagar i musikkstudio som 50-års gåve, seier Ingrid og ler mens ho fortel vidare: 

– Mannen min var så lei av å høyre alle songane eg skreiv, men som ingen andre fekk høre. Derfor valte han ut fem songar som skulle spelast inn.

«Ei tid for alt» er tittelen på EP-en som er tilgjengeleg både på Spotify og iTunes. Utanom songen «Djupare, djupare bøyer eg kne» har ho laga alle tekstane sjølve. I denne songen syng ho som i ei bønn for livet:  «Ver i mitt hjarte så din vilje skjer».

– Nei, no vart det mykje om meg, seier Ingrid mot slutten av intervjuet og stiller spørsmål tilbake. Til slutt inviterer ho til ein bønnekonferanse på Grimerud gard. 

– Eg er alltid klar for bønn, nærmast ropar ho på gata idet vi går frå kvarandre.

Sammen gjør vi Jesus synlig i mediene.

Bli Mediepartner eller støtt oss gjerne med en gave. Vipps 55256 eller kontonummer 3000.14.66824.

#

Siste innlegg

$
Fastetid i informasjonsstrømmen

Fastetid i informasjonsstrømmen

Vi lever i en overflod av informasjon, nyheter og underholdning og hele verden er kun et klikk unna. Hvordan får man tid til Gud? Fastetiden kan gi...

Ukas ros til NRK Supernytt etter møte

Ukas ros til NRK Supernytt etter møte

  NRK Supernytt inviterte til dialog, de lyttet og de tok i mot tilbakemeldinger på en forbilledlig måte. Det ønsker vi å rose. Her er ros og...

Ukas ros til Mesternes Mester

Ukas ros til Mesternes Mester

Gjennom Mesternes Mester viser NRK godhet, samhold og positivitet. Programmet samler familier og etter ni sesonger er det på tide at vi rose...

Seksuelle grenser er elefanten i rommet

Seksuelle grenser er elefanten i rommet

Alkoholen kalles for elefanten i rommet i #metoo-debatten. Det er delvis sant, samtidig som samfunnet vårt har tøyd de seksuelle grensene så langt...

Jakten på det gode innholdet

Jakten på det gode innholdet

  Trosopplæringen starter i hjemmet, mener firebarnsfar Magne Eriksen. Han etterlyser innhold med gode verdier, på alle plattformer, til sine...

Alexis hos Betlehem

Alexis hos Betlehem

Tirsdag kveld 16. januar arrangerte Bergens Indremisjon, Betlehem temakveld med overskriften «Hvordan snakke med barn om nettbruk og porno».  ...

Den gamle damen og Trump

Den gamle damen og Trump

  President Donald Trump har annonsert at han 17.januar vil dele ut «The Fake News Award», en pris til de mest forutinntatte og korrupte...

Trosliv nesten mer privat enn sexliv

Trosliv nesten mer privat enn sexliv

– Noen blir veldig ubekvemme når jeg spør om de tror på Gud, sier politisk redaktør i VG, Hanne Skartveit. Hun mener det er mye som er privat som...

Jarle oppsummerer 2017

Jarle oppsummerer 2017

Jarle Haugland har i 2017 ledet Tro & Medier gjennom et navnebytte. Han har fått tettere kontakt med NRK og han har opplevd at mennesker møter Jesus.

Jarle oppsummerer 2017

Simen oppsummerer 2017

Simen startet som kommunikasjonsleder i august. Selv om han bare har vært i staben i et halvt år har han hatt nok å gjøre. Slik oppsummerer han året.

Jarle oppsummerer 2017

Alexis oppsummerer 2017

Alexis leder Tro & Mediers Heltfri-arbeid og er nok den som har vært mest på tur i 2017. I sommer holdt han SKAM-seminar på Skjærgårds Music & Mission Festival og i høst har han holdt det første Heltfri-seminaret.

Jarle oppsummerer 2017

Halldis oppsummerer 2017

Halldis Bjerkvik Volle har i 2017 hatt ansvaret for Skjermfri uke og vikarierte som redaktør for På Bølgelengde i bladets første nummer i ny drakt. Som redaktør fikk hun flere møter med spennende personer. Det har preget hennes høydepunkter fra 2017.

Jarle oppsummerer 2017

Kjetil oppsummerer 2017

Kjetil Fyllingen har ledet omGud.net siden august 2016. I 2017 har Tro & Mediers nettevangeliseringsarbeid hatt over 75 000 visninger. Slik oppsummerer Kjetil året vi nå legger bak oss.

Fire tips til barna

Fire tips til barna

TV eller internett? Mobilen eller videospill? Medieuniverset er fullt av spennende innhold for både barn og voksne. Men er alt innhold godt innhold?

Fra medlem til Mediepartner

Fra medlem til Mediepartner

I løpet av desember har vi sendt ut et brev til alle våre medlemmer om at de blir Mediepartner. Vi kommer til å starte 2018 uten medlemmer, men det betyr ikke at vi kommer til å være svekket når det nye året starter.

#
$